» Heim
» Oleblogg
» Bilete
» Lenkjer
» Dokument
» Kontakt


Oleland

Gratulerer. Verkeleg. Du har no greid å forville deg inn på ei dårleg designa og produsert side, på eit latterleg domene. For å gjere det heile endå meir ubrukeleg er i tillegg eigaren og forfattaren av denne sida ein skrotnisse. So gratulerer.

Føremålet med denne sida er å sleppe meg til på nettet, usensurert og ufornuftig. Ser ikkje vekk frå at dette kan bli noko fiaskobetont og/eller kontroversielt. Hadde vore ganske nøgd med det siste eigentleg.

Vel vel, enn so lenge er sida framleis under konstruksjon, og eg jobbar litt no og då for å gjere mi oppleving på denne sida litt betre. Ein konsekvens av dette blir jo då og at di oppleving blir betre, so her tener alle om enn ikkje stort, so i alle høve noko på at eg gidd å gjere ting frå tid til anna.